Lalm Musikkforening
De' æ så løyle!
 • LINKER    • LUB/Aspiranter    • MEDLEMSSIDER    • STYRET    • HØR OSS    • NYHETER    • OM LMF    • HANDLINGSPLAN    • ALBUM    • Gjestebok  

 

 

   NYHETER
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 56 054

 

 


Referat fra NM i Bergen 2009
Någå nytt i dag da Terje? <br>Foto: Randi Damstuen
 
Någå nytt i dag da Terje?
Foto: Randi Damstuen
 
Godt å ha fri denne gongen Astrid?<br>Foto: Randi Damstuen
 
Godt å ha fri denne gongen Astrid?
Foto: Randi Damstuen

NM i Brass i Bergen 2009



I klart og kaldt, men du så fint ver stod vi klare til å vende nasen mot Vestlandets hovudstad att fredagsmorgon den 6. februar. Nøyaktig 07.55 svinga velkjende Oddvar frå Haverstad Turbiler ut på rv 15, denne gongen til venstre, vi hadde nemleg valt ei anna rute til avveksling. Litt lenger, via Dokka- Fagernes- Lærdalstunnelen- Vosss og Dale, men ferjefritt og nye inntrykk på turen.
Første stopp var Fagernes, med kaffe og rundstykke på Fagernes Gjestegård, det smakte himmelsk attpå ein heller stutt morgoverd før avreise. Det er interessant å merkje seg kor mange ulike lange samtaler som svirrar i løpet av ein liten kafferast. Alt frå ei spesielt vanskeleg takt i Anglian Dances som vi skulle framføre i Bergen, til flatbrød- og lefsebaking. Ikkje minst var mange opptekne av klokkeslettet for speling laurdag, som vi ville få beskjed om på bussen om ikkje alt for lenge, av Irene, Merete, Hans Amund og Turid. Dei hadde tradisjonen tru reist på nattbussen for å få med seg det meste av eliten i Grieghallen, og ikkje minst stemninga der, som ikkje kan beskrivast, den må opplevast.
Stemninga på bussen kan det og skrivast ei lita bok om, somme nyttar høvet til å ta seg ein lur, det klirrar i strikkepinnar, kaffelukta brer seg, SMS-ar tikkar inn her og der, nokon, underteikna medrekna seier knapt nok eit ord, berre sit kosar seg og må ha med alle inntrykk, ikkje minst uttafor bussglaset. Det er rart når du sit på ein buss, kor mykje meir du ser og legg merke til rundt deg enn i ein liten personbil.
Ein merkedag var det for trommis-Andre, han vart nemleg vaksen kar i dag, endeleg 18 år. Han fekk sjølvsagt sin velfortente gebursdagssang frå ”Lalm blandakor.”
Midt i Valdres, klokka 12.30 tikka det inn SMS frå esskornett-Irene: Trekkjinga for spelartid var over, og vi skulle i elden klokka 12! Jubelen stod i taket, eit ideelt tidspunkt på alle måtar. God tid frå morgonen, ikkje minst til å førebu seg på det som skulle skje, ferdig med spelinga rett etter høgst dag, mange timar til å rå seg sjølv i Bergen, berre kose seg. Alt teikna til at dette skulle bli bra!
Filefjell synte seg frå si beste side denne dagen, også vermessig. Blekande stilt, lett overskya og realt vinterføre gjorde turen over fjellet adskillig lettare og stuttare enn over Utviksfjellet frå 2 år sidan, da det ende med tauging av ein liten, ekkel traktor siste metrane. Ikkje minst Oddvar sjåfør var nok glad for det.
Lærdalstunnelen er eit kapittel for seg, heile 25 km lang. Underteikna tåler det meste, men har aldri likt seg spesielt godt i lange tunnelar. Det må difor innrømmast i etterkant at eg var noko spent på dette. Men spenninga forsvant utruleg fort, dette var da ingenting å vera hyfsen for. Dei 25 kilometrane var unnagjort på ein blunk, og i enden venta Sogneporten med lunsj på svoltne musikantar, pizza med mineralvatn. Ei travel betjening skar opp eine pizzaen etter den andre. Dei hadde nok hatt det vel travelt kvelden før, det vart manko på glas, så Terje og eg vurderte sterkt å tilby oss og ta oppvasken for ei lita stund. Men det ordna seg lell, og bra var nok det, for vi har ein tendens til å vera skjelvhendte før alvorssame musikkoppdrag.
Lalm Musikkforening er ein disiplinert gjeng når vi er ute og fartar, noko både leiar og sjåfør kan skrive under på. Så etter Aurland gjekk det så å si strake vegen. Vi passerte Voss klokka 17.15, og nøyaktig 11/2 time seinare parkerte Oddvar nokre få meter unna Scandic City hotell i Håkonsgaten 2.



Som ein liten kuriositet kan nemnast at frå og med Lærdalstunnelen til og med Bergen sentrum køyrde vi gjennom 44 tunnelar!!!

Etter innsjekk var det klart for middag i restauranten på Scandic. Entrecote og heimelaga karamellpudding stod på menyen, og det må innrømmast at eit glas raud vin attåt smakte fortreffeleg. Ein liten tur nedpå Bryggen, madam Felles ølstugu vart æra med ein liten visitt. Men det er sterkt overdreve å seie at vi treivst veldig godt her denne kvelden. Hadde sindige lalmingar oppført seg likeeins som musikantane ved nabobordet ville nok fleire enn eg vorte forundra. Eg skal ikkje gå i detaljar, det passar seg rett og slett ikkje på trykk. Er berre forundra over at ikkje heile gjengen vart vist på dør. Vi tusla roleg ut att, fann hotellsenga og fekk ei lang, god natts søvn.
Etter ein solid frukost, med alt å velja i, venta Grieghallen. Brumund/Nordåsen med vår eigen Nina (du kjem vel snart att til oss Nina?) skulle i elden før oss. Vi var entusiastisk publikum i Peer Gyntsalen før vi stilte til registrering og oppvarming. Og Nina spelte euphoniumsolo som ein gud.
For første gong i mitt 50-årige liv kan eg seie at eg var nervøs, må vel kanskje bli det halve hundre før ein har greie på det og. Men også denne gongen var det ”bærre i værn”, det var berre å ta seg saman og gjera sitt ytterste. ”Anglian Dances” av Alan Fernie var stykket vi skulle framføre, som tittelen seier engelsk musikk med dansepreg. Stykket består av 5 satsar, der dei ulike gruppene har utfordringar i kø. Ikkje så teknisk vanskeleg, men veldig sårbart, største utfordringa ligg heilt klart i balansa gruppene imellom, og intonsasjon. Dette og mykje anna hadde dyktige Tor Artur Hagen terpa med oss på to seminar i forkant av Bergen. Eitt før jul og eitt utpå nyåret.
Vi var sjølve veldig tilfredse med innsatsen vår, Morten dirigent inkludert. Særleg 4. satsen som var den mest sårbare og avslørande tykte vi sat veldig bra denne gongen. Nå var det som før berre å vente i spenning til festkonsert med Eikanger Bjørsvik, og deretter premieutdeling om nokre timar.
Så sat vi i sjølvaste storsalen da, klokka 20.30 laurdagskvelden og lytta og såg til eit fyrverkeri av ein festkonsert, med fjorårets vinnarar av elitedivisjonen, Eikanger Bjørsvik. Med to hip-hop/breakdanceartistar som gjorde dei mest spektakulære krumspring attåt musikken, kokte det i heile Griegsalen ein halv times tid.
OK, så kunne vi tenkt oss å snu resultatlista på hovudet att denne gongen også. Vi kom på delt 19. plass av 22 korps i 4. divisjon. Bjørsvik Brass tok ein suveren seier, men så skal det seiast at mellom dei 21 andre skilde det med fattige 10 poeng! Det fortel ein god del om kva dei stakkars dommarane ”slit” med, og ikkje minst nivået som er høgt også i denne divisjonen. Både Morten og vi og publikum var godt tilfredse med innsatsen.
Uansett kor kjekt (som vestlendingane seier) vi har det på ein slik tur, lengtar vi heim, til vesle, viktige, flotte Lalm, til styremøte, årsmøte, øving og all annan aktivitet. Nokre få minutt over 10 tok vi avskjed med Grieg og Bergen for denne gongen. Ein lang heimtur venta, men humøret og stemninga var den same som fredag, så det stod ikkje på med noko. Kong Vinter var med oss, men synte fram godsida også denne dagen. Kuldegrader, strålande sol, ikkje ein vindgust (før vi kom til Sjoa) gjer sitt til at ein busstur på 11-12 timar går knirkefritt.
Middagen vart fortært på Tyinkrysset fjellstue, der eit sporty og effektivt vertskap hadde endra menyen, fordi vi kom vel ein time før bestemt tid. Elgbiffkarbonader, karamellpudding og kaffe gjorde susen før siste etappe.
Etter pølse, piss og røyk på Fagernes gjekk det strake vegen til Lalm, og klokka 21.45 svinga vi inn ved samfunnshuset, der våre kjære stod tålmodige og venta.
Til Grieg, til Bergen by, til Norges Musikkorpsforbund: We`ll be back soon!!!!!!!


    Utskriftsvennlig versjon