|
Vågåkyrkja 30.november kl.19.00
Lalm musikkforening ynskjer alle hjarteleg velkomne til adventskonsert i Vågå kyrkje fyrstkomande søndagskveld! Vi vil ta deg med på ei reise frå sein haust inn i adventstida og fram mot jul, og lovar eit variert program. Vi er så heldige at vi får musikalsk hjelp av to dyktige, unge vokalistar frå Lom, Hanne Sanden Kolden og Martin Sanden Akselen. Dei vil opptre både saman med korpset og saman med Geir Byre på gitar. Kristbjørn Rossehaug, også frå Lom, bind det heile saman. Vi håpar at denne stunda i Vågå kyrkje kan bli ei fin og stemningsfull innleiing til den travle adventstida! Sett av søndagskvelden saman med oss!
Inngang: barn kr.50,- voksne kr.100,-
|