Lalm Musikkforening
De' æ så løyle!
 • LINKER    • LUB/Aspiranter    • MEDLEMSSIDER    • STYRET    • HØR OSS    • NYHETER    • OM LMF    • HANDLINGSPLAN    • ALBUM    • Gjestebok  

 

 

   NYHETER
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 56 068

 

 


Jubileumstur til Stockholm
Frokost i Tierp. Foto: Tore Furuheim
 
Frokost i Tierp. Foto: Tore Furuheim
 
Klare for konsert i Gamla Stan. Foto: Tore Furuheim
 
Klare for konsert i Gamla Stan. Foto: Tore Furuheim
 
Bosse og Sverre. Foto: Tore Furuheim
 
Bosse og Sverre. Foto: Tore Furuheim
 
Bønder i by'n... Foto: Tore Furuheim
 
Bønder i by'n... Foto: Tore Furuheim

Lalm Musikkforening har så høgt aktivitetsnivå at det er knapt ein har tid til å stunde på noko så morosamt som ein jubileumstur til ”søta bror”. Men siste dagane før avreise byrja det å melde seg, både reisefeber, stor forventning og spenning til alt vi skulle oppleva i løpet av ei skikkeleg langhelg. Vi ”skulka” nemleg øvinga torsdagskvelden, møtte opp ved vårt kjære samfunnshus til klokka 22, i praktfullt sommarver, og stappa innleigd buss frå Haverstad Turbiler full med instrument, bagasje, 42 musikantar og 9 ”bedre halvdelar” og sette kursen sørover Gudbrandsdalen. Ein hardt arbeidande jubileumskomitè, med Sissel Trombone som leiar syrgde for at vi andre berre kunne lene oss attende i bussetet og la tankane sveve rundt det som venta oss og verkeleg slappe av, midt i all spenninga. Når det i tillegg sat ein både roleg, erfaren og musikalsk sjåfør bak rattet, Henning Steen, tubaist i Fåberg Musikkforening, kunne ikkje starten bli bedre. Han skulle rett nok få avløysing alt på Lillehammer, men det var visstnok av kornettist frå Lillehammer Guttemusikk Veterankorps, så det var ingen grunn til skepsis.

Jau da, sjåførbyte vart det på Lillehammer i sommarnatta, Vidar Moen heitte han, og som sagt korpsmusiker han og. Det er vel ingen grunn til å leggje skjul på at det viktigaste når ein er busspassasjer, er at det sit drevne og rolege sjåførar bak rattet. Når ein i tillegg kjem på bølgjelengde med ein gong, og det til og med viser seg at vi har med korpsfolk å gjera, ja da er det i alle fall ikkje sjåføren å laste dersom turen ikkje blir vellykka.

Sjølv livate musikarar frå Lalm likar best å late att augo natterstid, så det vart fort stille bakover i bussen, dei fleste såg nok sitt snitt til å prøve og få sova litt. Men det rare var at underteikna som til tider har ei mild form for sovesjuke sat som eit tent ljos heile natta, ved sida av vår kjære leiar, han like vaken. Eg har liksom ikkje råd til å sova bort ei slik natt, må helst ha med meg alt som er å sjå, ikkje minst der eg aldri har fare før.

Vi køyrde om Kongsvinger, og på ein Shellstasjon i Arvika fekk vi første møte med Svenska flaggans dag. Rett nok hadde dei gløymt att flagget heime, men dei hadde da sin måte å feire på. Her var det gamle volvoar og ”raggare” for alle penga. . Ølboksar og avfall flaut på heile området, og sjølve bensinstasjonen hadde nok sett seg leie på heile selskapet og rett og slett stengt, ville ein betale bensin var det mogleg gjennom ei ørlita luke, elles var det ikkje mogleg å få kjøpt seg godt som ei pølse.

Men om første møte med ”søta bror” var av det tvilsomme slaget, var det desto trivelegare da vi kom til Tierp klokka 10. Dette er vennskapskommuna til Vågå, så det hadde vore kontakt få timar før vi reiste, der vi tok på oss og spela for Tierpingane på den svenske najsonaldagen og til gjengjeld få servert frokost. Og slik vart det, vi vart varmt ynskt velkomne av Bosse, ein gamal kjenning frå kommuneadministrasjonen som har vore i Vågå fleire gonger. For 3 år sidan feira han til og med 17 mai på Lalm. Vi kom til ferdigdekt frokostbord, noko som smakte fortreffeleg attpå natteturen. Etterpå vart det faktisk tid til å finne seg ein skugge for å øve litt før sjølve forestillinga på Gammelgården, Tierpingane sin samlingsplass utandørs, eit slags Maihaugen i miniatyr. Forestillinga byrja klokka 13, med diverse kulturelle innslag, spelmannslag, sang og musikk av innvandrarar busette her, og sang og leik med ungane og andakt. Så var det vår tur, og vi hadde ein halv times konsert, med lett blanding av svensk og norsk, sjølvsagt med Du gamla du fria, svenskane sin nasjonalsang til slutt.
Det vart sett stor pris på at vi la turen innom Tierp, og sjølvsagt hadde vi med ei lita oppmerksamheit. Det lokale spelmannslaget fekk CD-en Vågåblot med Brass Brørs og Vågå Spelmannslag, og Bosse fekk på vegne av kommunen ein lysestake i kleber frå Lalm Musikkforening, laga av Harald Hanslin på Lalm. Særleg artig var nok dette for leiaren vår. som var ordførar i Vågå da Tierp vart utnemd til vennskapskommune først på 80-talet.

Dagen gjekk fort i dette trivelege selskapet, og Stockholm var enda nokre mil unna. Vi måtte berre setja oss i bussen så fort vi var ferdige med spelinga, sjølv om vi gjerne skulle hefta lenger hjå Bosse og hans folk.

Klokka nærma seg 18 da vi kunne booke inn på Scandic Hotell på Malmen, nærare bestemt Sødermalm, ei av øyane som Stockholm består av. Men her var det berre tid og veg, det var nemleg bestilt middag på Stadshuskellaren, ein erverdig restaurant i kjellaren på sjølvaste rådhuset i Stockholm, og som ligg på øya Kungsholmen. Vi var vel litt høgtidsstemte heile Lalmsgjengen da vi gjekk inn i det flotte bygget denne usedavanleg vakre og varme kvelden på Svenska flaggans dag. Og sjølv om maten kanskje ikkje heilt fall i smak hjå fleire, kjøkkenet var ikkje heilt heldige med biffen denne gongen, var det fort gløymt, i alle fall av underteikna. Eg storkosa meg i omgjevnader som ikkje akkuratt er daglegdags, sjølv om eg trivst godt attmed matbordet heime og.

Utkvild, etter ei god natts søvn, i makelaust god seng til å vera framand, same strålande veret, og ein framifrå hotellfrokost, gledde eg meg som ein unge til dagen som låg framfor oss. Det var opplagt til fellestur til Skansen, zoologisk hage, dyre- og fritidspark som ligg på Sødra Djurgården, enda ei av alle øyane som utgjer Sverige sin praktfulle hovudstad. Det krydde av folk i sommarvarmen, køa framfor inngangen til tivoliet Grøna Lund var 200 meter, og denne gongen slår eg ikkje av for kjentfolk heller, det er heilt sant. Men tivoli fekk det vera med, vi skulle besøkje restaurant Solliden ein gamal erverdig restaurant på Skansen for å innta laurdagens lunsj. Her var det skalldyr og fisk på menyen, med god drikke til, det smakte fortreffeleg. Etterpå rusla vi rundt i parken, såg på dyr som kanskje ikkje alltid ser ut til å trivast like godt under slike tilhøve, aller minst i 25 plussgrader, men som dreg til seg store og små som magnetar. Ingen tvil om at både elg og gaupe har det mykje bedre innpå Taulstadåsen, men men….

Ein jubileumstur er ikkje ”blott til lyst”, det følgjer med pliktoppdrag og. Laurdagskvelden nærma seg, og klokka 20 skulle vi ha konsert på sjølvaste Stortorget i Gamla Stan, berre eit steinkast frå Det Kungliga Slot. Nei da, du las ikkje feil, Stortorget var konsertarenaen denne kvelden, det eldste og mest erverdige torget i Sverige, Stockholms sin samlingsplass nummer ein, med uterestaurantar same kvar du snudde deg. Nå bør eg vel for ordens skuld nemne i forbifarten at Svenska Armeens Trumkùhr og Showband skulle ha oppvisning før oss, berre for å ha nemnt det liksom, det kunne da hende dei drog litt folk og. Nei, spøk til side, det var sjølvsagt stappa med publikum da dei sette i gang klokka 18, med ei forrykande oppvisning. For det var det det var, ei forrykande oppvisning, men kanskje ikkje fullt så forrykande musikk som vi hadde venta. Og nå er eg seriøs, det var sagt av folk som har mykje bedre greie på musikk enn meg. Litt prestasjonsangst hadde vi vel til å byrje med, det må vel innrømmast, men etter ein litt fomlete start, senka vi skuldrene og musikkgleda og kjensla av å gjera eit nesten like fulltallig publikum både imponerte og glade for det vi presenterte, smitta over på alle saman. Det vart ei artig og høgtideleg forestilling på same tid, ei slags ærefrykt over at vesle meg står på Stortorget i Stockholm og spelar denne flotte sommarkvelden. Programmet var ”blanda drops”, frå Flickan i Havanna til Alle Fugler. Vår kjære sjåfør Vidar var ikkje minst imponert, og han hadde snakka med dirigenten for Svenska Armeen, han hadde gjeve uttrykk for stor begeistring, og understreka at det var ikkje noko han sa for å vera høfleg, han meinte det. Berre ein korpsmusiker veit kva glede slike opptredenar gjev, der du på førehand er så nervøs at du knapt nok veit kva som er bakfram på kornetten. Så høyrer du at det let, du merkar at dirigenten stortrivst, likeeins sidemannen og publikum, og plutseleg er alt ei einaste glad oppleving. Vi sette oss tilfredse inntil enda eit godt matbord, denne gongen på Ming Garden på Malmen etterpå, strålande tilfredse heile gjengen.

Søndagen var heilt til eigen disposisjon, men Lalm Musikkforening trivst umåteleg godt saman, så nesten heile gjengen var samla i Borggården på Det Kungliga Slot til klokka13, der vi ville oververa vaktskifte og oppvisning av ”kollegane” på Stortorget kvelden før, Svenska Armenns Trumkùhr. Mykje folk var samla her og, men Vidar sjåfør som hadde vore her før, fekk oss med i god tid før det heile byrja, så vi fann retteleg orkesterplass, heilt framme. Sjølve oppvisningsplassen var ikkje fysisk avstengt, så Lalm Musikkforening sine frammøtte medlemmar fekk faktisk vaktoppdrag, vi skulle stå heilt fremst og passe på at ingen kom framom oss på området. Til vanleg er det gardesfòrbanden som utfører tenesta med og vakte over Kungen og Stockholms Slot. Men i overgangsperioda sommarstid er det heimevernet som har ansvaret, så det var dei vi stifta bekjentskap med denne dagen, og som ga oss oppdraget å hjelpe til med vakthald over publiken. Sverre baryton, som i vår har prøvd å banke litt marsjdisiplin inn i hovuda våre, var mildt sagt lite imponert over marjsferdigheitane til det svenske heimevernet, og meinte at Lalmingane hadde ingenting å skamme seg over heller her. Så da så! Rørte det seg ikkje bak gardinene i eitt av dei hundre glasa på slottet? Kunne det vera Kungen Carl Gustav som endeleg hadde kome seg ut av dyna? Men nei forresten, han og hans kjære fru bur vel til vanleg på Drottningholm Slot, litt utanfor sjølve bykjerna.

Måndag og heimreise klokka 10 var plutseleg her. Lalm Musikkforening er ein disiplinert gjeng, ikkje minst når vi er på tur. Sjåfør og turleiar er sjefar, og klokka 9.55 var samtlege på plass i bussen, og vi kunne vende nasen mot ”gamlelandet”. Sissel ordna opp som ho hadde gjort nær sagt kvart minutt på turen, bestilte fellesmiddag på Vàrmlandsrasten i Karlstad. Her hadde vi ein time til disposisjon, og i løpet av den timen fekk alle mat, det vart halde både styremøte og komitemøte, her er alt nye ting på gang, vi er fleire oppdrag unna sommarferie enda.

Charlottenberg er det liksom ikkje råd å berre rase igjennom utan stopp, heller ikkje for sindige Lalmingar, så her vart det innlagt ein dryg timesstopp. Vi hadde stramt tidsskjema akkurat nå, for Merete Euphonium skulle hoppe av i Kongsvinger, ta Timeekspressen til Oslo, deretter tog til Tønsberg på eit jobbseminar. Det gjekk akkurat, det såg nesten ut som buss og sjåfør venta nettopp på henne da vi svinga inn på stasjonen.

Midnatt nærma seg, Lalm nærma seg, og klokka 23.30 var vi ved vårt kjære samfunnshus att, nå med sjåfør nummer tre på turen, Arne Hovland, småbrukar frå Hafjell, med slurva som instrument. Men leill da gut…..

Det høyrer med til historia om jubileumsturen at sjåfør Vidar er son til Harald Moen, primus motor både i Lillehammer Guttemusikk Veterankorps og Lillehammerreveljen som er eit samarbeid mellom nettopp dette korpset, Garden, NMF Hedmark og Oppland og Lillhammer Olympiapark Det har vore tett telefonkontakt mellom far og son denne langhelga, og det har resultert i at Lalm Musikkforening er invitert til å delta på Lillhammerreveljen 2008!!!

Nei, nå må eg avslutte. Takk Sissel og Haverstad Turbiler og Lalm Musikkforening med fylgje for ein uforgløymeleg tur!!!!

Randi Damstuen sekretær



Jubileumstur til Stockholm 2008

    Utskriftsvennlig versjon