Lalm Musikkforening
De' æ så løyle!
 • LINKER    • LUB/Aspiranter    • MEDLEMSSIDER    • STYRET    • HØR OSS    • NYHETER    • OM LMF    • HANDLINGSPLAN    • ALBUM    • Gjestebok  

 

 

   NYHETER
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 56 076

 

 


Seminar 28. og 29. mars 2008
Marianne Stadeløkken og Morten Graff. Foto: Randi Damstuen
 
Marianne Stadeløkken og Morten Graff. Foto: Randi Damstuen
 
Edvin Dissen tar en pust i bakken. Foto: Randi Damstuen.
 
Edvin Dissen tar en pust i bakken. Foto: Randi Damstuen.
 
Instruktør Arne Ottar Ødegård. Foto: Randi Damstuen.
 
Instruktør Arne Ottar Ødegård. Foto: Randi Damstuen.
 
Arne Ottar Ødegård og Ann Cathrin Tessnes. Foto: Randi Damstuen.
 
Arne Ottar Ødegård og Ann Cathrin Tessnes. Foto: Randi Damstuen.


SEMINAR FØR JUBILEUMSKONSERT

Fredagskvelden 28 og laurdag 29 mars hadde vi seminar på Lalm Samfunnshus, med Arne Ottar Ødegård som instruktør. Arne Ottar bur på Åndalsnes, og dirigerer m.a. Dombås Musikkforening. Det fortel oss at det er ein kar som ikkje kvir seg for å setja seg i bilen og køyre nokre mil. Ver og føre spelar mindre rolle, berre han får i oppdrag å lære folk og bli betre til å spela. Vi har stifta bekjentskap med Arne Ottar før, og har svært god erfaring med han, dyktig som han er, både til å traktere instrument, ikkje minst sin eigen kornett, og ause av erfaringa si med amasjør, pusteteknikk, og andre nyttige tips. Han er ein svært god pedagog, lærer frå seg på ein direkte, men lun og humoristisk måte. Han er full av sjølvironi, men kan og fortelje historier om andre, utan at det er krenkjande, ein eigenskap som er gull verd.

Vi skal ha med oss dyktige utøvarar på konserten må vite. Ann Cathrin Tessnes og Thomas Bakke er nesten for ”våre eigne” å rekne. Dei har vore med oss før, med stort hell, og vi er veldig glade for at dei vil krydre konserten vår den 12. april. Laurdag kom dei og køyrde igjennom sin del med oss for fyrste gong. Det let veldig bra, vi gler oss til generalprøva den 10. Herleg å ha med så enkle og ukompliserte artistar, her er det ikkje mykje primadonnanykker nei!

Det seier seg sjølv at eit konsertprogram som er så omfattande som det vi legg opp til, kan heller ikkje den dyktigaste instruktør plukka heilt frå kvarandre i løpet av eit slikt seminar. Men mykje vart terpa på, med god grunn, og desse ti timane i tillegg til ei svært god øving torsdagskvelden føreåt, gjev oss kjensla av at ein god konsert snart er i hamn.

Vår kjære Morten var med oss heile helga, både vi og han ser det berre positivt å hyre inn andre lærarar ein gong eller to i året. Vi skjerpar oss heile gjengen.

Da klokka nærma seg fire laurdagseftan, må underteikna vedgå at det ikkje var att så veldig mykje piff, og det trur eg gjaldt dei aller fleste. Seminaret vart avrunda med nokre varme og vel fortente ord frå leiar, og Arne Ottar fekk med seg eit brassbrød og ein DVD frå ”Grieg i Kvennberget” heim til Åndalsnes.

Randi, sekretær





   

Seminar før jubileumskonsert  

Morten grep også mikrofonen.
Morten grep også mikrofonen.
Foto: Randi Damstuen.
Et glimt fra grovmessingen.
Et glimt fra grovmessingen.
Foto: Randi Damstuen.
Ann Cathrin Tessnes
Ann Cathrin Tessnes
Foto: Randi Damstuen.

Utskriftsvennlig versjon